VISEKVELD MED ENDRE OLSEN & ÅSMUND NESSE

Ein kvalitetsduo kjem til Kapellankåken denne kvelden. Endre Olsen frå Stord er kjent for både sterke tekstar og treffande melodiar. Det same gjeld visekunstnar Åsmund Nesse frå Bømlo. Det teiknar å bli ein nydeleg kveld med låtar frå hjarta, på eigen dialekt. Einar Stokka som bur i nabolaget til Kåken, er også invitert innom av duoen, for å framføra nokre av sine eigne viser.
Dørene opnar ein time før konsertstart, og huset er ope også etterpå.

So 31. Október 2026 14:02 +0100 @ Kapellankåken
Livet er eit språksjov – Linda Eide og Ruth Lillegraven

Velkomen til bokbad, språkpreik og vossalansering av Linda Eide si nye bok, "Livet er eit språksjov – kva språket har gjort med meg". Ruth Lillegraven og Linda Eide dukkar ned i språklege fenomen, språklege oppvakningar og språklege finurlegheiter frå både Voss og Granvin – og resten av verda.
Gjest spezial er fastprofessor Gunnstein Akselberg!
Open bar og god stemning, både litterært og sosialt.
Dørene opnar ein halv time før arrangementstart og huset er ope også etterpå.

Pi 6. November 2026 19:00 +0100 @ Kapellankåken
page view image

Kapellankåken

Ulica : Ullestadvegen 10
Mesto : Voss