page view image

BÅRD OSE - THE 27 CLUB

Fascinerande historier om evige rockelegender med korte liv – signert populærmusikkleksikonet Bård Ose!

Information
event image

"The 27 Club" er e av dei store mytene i rockens historie. Dette er nemlig ein klubb der alle medlemmane er 27 år, og alle er døde. Myten oppstod fyrste gong i 1971, etter at Jim Morrison frå The Doors vart den fjerde artisten på to år som døydde 27 år gammal. Dei andre tre var Brian Jones, Jimi Hendrix og Janis Joplin.

Sidan har Amy Winehouse og fleire andre fått medlemskap i den tragiske, men djupt fascinerande, gruppa med musikalske geni som tross korte liv, sette enorme spor.

Bård Ose fortel historia bak mytane, og presenterer tjue artistar som alle har det til felles at dei berre var are 27 år gamle då dei tok farvel. "Tragisk og muntert – og mykje musikk" lovar Bård, som sjølv har passert 64.

Bård Ose har skrive bøker om både Beatles og Rolling Stones og har i eit heilt liv fortalt om rock og pop, på radio, i program som radio Rock, P.I.L.S. og ei rekkje andre program.

foredrag musikkhistorie rockehistorie

Waiver

Kjøpte billetter vert ikkje refunderte.