MICROBANDET – KONSERT OG MICROBINGO

Den skamlause Hardanger-duoen kjem til Kapellankåken med ein konsertbingo som har nådd den statusen me alle drøymer om å nå: Kultstatusen!

page view image
Evenemangsdatum

lördag 8 nov 2025 19:00

avslutas lördag 8 nov 2025 23:30
Beställ

Tillgängliga artiklar

ticket item
MICROBANDET – Konsert og Microbingo
event image

Evenemangsinformation

Hurra! Brit Aksnes (gitar og vokal) og Kjersti Døssland (Yamaha-synth og vokal) kjem til Kapellankåken.

Under mottoet ”ingen forventningar” innfrir dei gong på gong med sin blanding av tostemt song og masing i stereo. Og dei skriv dette i sin offisielle arrangementsomtale for Kapellankåken:

Aldri vore på bingokonsert med Microbandet? Skandale! Godt at Kapellankåken tek affære og opnar dørane for deg og for hyggeduoen frå Hardanger! Me har i fleire år hygga mange og ikkje minst oss sjølve med bingo krydra med radbrekking/forbetring av andre sine låtar. 

Og alle stiller likt. Vassendgutane og Britney Spears får same generøse behandling av Microbandet. Døsso har finjustert stemma si til bingovertinne-perfeksjon etter å ha tilbrakt mykje av studietida i Bergen på etablerte bingobuler, og no kan DU få oppleva den same gleda i Voss si kulaste bule, sjølvaste Kapellankåken. Me stiller med bongar og pennar, du stiller med positiv innstilling!

Velkomen!

Arrangör
Kapellankåken