© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Torun Torbo er fløytisten som har dukka ned i den fascinerande historia om mannen som enda opp som Europas mektigaste konge, kjent som Fredrik den store. Men alt den ungen prinsen ville var å spela tverrfløyta og leva eit fritt liv med sin hemmelege elskar, men slik skulle det altså ikkje gå. Og vegen frå prins til konge skulle bli så dramatisk som det vel er muleg.
I kapellankåken blir historia framført som ein samtale mellom den profesjonelle fløytisten Torun Torbo og den glade blokkfløytematøren Linda Eide. Og me får høyra Torunn Torbo spela barokkfløyte i utdrag som syner Fredrik den store sin store kjærleik til musikken og si elska tverrfløyte (det vert sagt at han øvde fire timar kvar dag).
Torun Torbo har etablert seg som ein av Noregs mest aktive og etterspurte utøver på historiske tverrfløyter. I tillegg til karrieren som fløytist har ho jobba som journalist i NRK radio, vant i 2011den høgthengjande internasjonale radioprisen Prix Italia. Hun er berømma for sin gode forteljarstil og varme radiostemme.
Linda Eide har jobba som journalist og programleiar i nrk radio og fjernsyn i over tre tiår. Eide skriv også bøker og teaterframsyningar, og framfører sjølv det ho skriv. Eide er også ein av initiativtakaren til kapellankåken – opplysningshuset på Voss.
Velkomen til ein intim og fascinerande og barokk (!) konsert-samtale!