JUNI DAHR – IBSENS KVINNER
Ei storhending dette, når ein av våre mest særprega skodespelarar kjem til Kapellankåken.

Dei intense soloforestillingane til Juni Dahr er nasjonalt og internasjonalt bejubla, og scenane er alt frå nedlagde trafokioskar til storslått Lofoten-panorama. Og no altså i ein prestegard frå 1906. Hit kjem ho med ein folkekjær favoritt: Ibsens kvinner. Dette er Juni Dahr gi si eiga tolking av sterke «Ibsen-kvinner». Me møter Hilde, Hedda, fru Alving, Nora, Ellida og Hjørdis. Førestillinga har vore spelt i USA, Europa, India, Pakistan, Bangladesh, Latin-Amerika, Kina, Iran.
Juni Dahr sitt eige kompani, Visjoner Teater, er også kjent for sine førestillingar om Jeanne d’Arc, Kristin Lavransdatter, Hedda Gabler og Markens grøde. Men i kapellankåken blir det altså Ibsen, og som ho sjølv seier: Du treng ikkje kunna din Ibsen, men du får garantert lyst til å lesa Ibsen etterpå.