VISEKVELD MED ENDRE OLSEN & ÅSMUND NESSE

Ein kvalitetsduo kjem til Kapellankåken denne kvelden. Endre Olsen frå Stord er kjent for både sterke tekstar og treffande melodiar. Det same gjeld visekunstnar Åsmund Nesse frå Bømlo. Det teiknar å bli ein nydeleg kveld med låtar frå hjarta, på eigen dialekt. Einar Stokka som bur i nabolaget til Kåken, er også invitert innom av duoen, for å framføra nokre av sine eigne viser. Dørene opnar ein time før konsertstart, og huset er ope også etterpå.

page view image
Arrangementsdato

lørdag 31 okt 2026 14:02

Slutter søndag 1 nov 2026 00:00
BESTILL

Tilgjengelige varer

ticket item
VISEKVELD MED ENDRE OLSEN & ÅSMUND NESSE
event image

Arrangementsinformasjon

Med sin dialektforankra viserock på plater som "Bøttevis med blått», "Baklengs tebake" og fjorårets «Vekk meg lenger vekke» har stordabu Endre Olsen i ei årrekkje hausta høge terningkast i rikspressa. For tekstane sine har han mottatt Olav H. Hauge-stipendet for unge lyrikarar (frå grunngjevinga: "Han syng om gleda i livet. Og om melankolien i livet. Om ting som gjekk gale og om vegen vidare. Om ting vi kan kjenne oss heime i uavhengig av alder, kjøn, kvar ein bur eller sosial status. Han ser utover seg sjølv og syner oss ein større himmel")og til vossingane leverte han for nokre år sidan tingingsverket «Endre Olsen & Hestehandlarane hyllar Ivar Medaas» som han sidan har turnert mykje med.


Visekunstnar Åsmund Nesse frå Bømlo har sidan debuten med plata "Lysning" i 2015 og sist med fjorårets "Indiemann", vore ein stødig leverandør av vare viser og smågalne songar på kav bømladialekt (etter nokre eksotiske år som frontfigur i bømlareggaebandet Nese Rastafari), like mykje inspirert av våre eigne visehøvdingar som folkrockarane på dei britiske øyar og med ein tydeleg eigen signatur, ofte basert på havgapet han ser ut på heimanfrå.


Dei to musikarane har kjent kvarandre sidan ungdomsåra, med jamlege musikalske treffpunkt der karrierevegane har lagt til rette for det. Denne kvelden er ein slik, der ein kjem tett på katalogane deira kvar for seg og i samspel og -song, ispedd dei gode historiane bak frå vegen hertil.


Einar Stokka tar turen rundt nova for å varma opp publikum på heimebane med nokre av sine eigne glimrande viser.

Organizer
Kapellankåken