© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Vinteren 2019 vart Rakel Sivertsen frå Hommelvik diagnostisert med brystkreft med spreiing til lymfene. Etter ein beinhard kamp, vart ho i 2021 frisk, men på seinhausten 2022 skjedde det utenkelege: Kreften var på full retur, og denne gongen uhelbredeleg.
I førestillinga «Sykehusskjorta» brukar Rakel sine eigne opplevingar og erfaringar til å fortelja korleis det er å stå midt i ei livskrise – midt i livet – med en solid dose humor.
Kan ein le seg inn i ein kreftdiagnose? Kan ein le seg ut av den igjen? Er det i det heile tatt lov å le av noko så alvorleg? Kva treng ein frå omverda når ein ikkje fiksar sin eigen kvardag? Kva kan ein gjera for nokon som står i en livskrise? Kan smerter, dårlege odds og mørke stunder bekjempast med humor?
Denne førestillinga er ei reise gjennom heile følelseregistret, og Rakel si unike evne til å formidla gjer at du i det eine sekundet tørkar tårer, og i det neste potensielt ler på deg eit ribbeinsbrot.
Med seg på scena har Rakel musikeren Charlotte Audestad som syng og spelar gitar, og som har komponert all musikken.
Varmt velkommen!