TORUN TORBO & LINDA EIDE – SORGENFRI
Torun Torbo og Linda Eide spelar og snakkar om Frederik II av Preussen. Den fløytespelande homofile prinsen, som absolutt ikkje ville bli herskar, men som enda opp som Frederik den store. Krigarkongen, og Adolf Hitlers store forbilde. Kva i all verda skjedde?

Sanssouci heiter Frederiks berømte slott i Potsdam. På norsk blir det SORGENFRI. Men særleg sorgenfritt vart ikkje den berømte kongens liv.
Torun Torbo er fløytisten som har dukka ned i den fascinerande historia om mannen som enda opp som Europas mektigaste konge, kjent som Fredrik den store. Men alt den unge prinsen ville var å spela fløyte og leva eit fritt liv med sin hemmelege elskar, men slik skulle det altså ikkje gå. Og vegen frå mjuk prins til krigersk konge skulle bli så dramatisk som det vel er muleg.
I kapellankåken blir historia framført som ein samtale mellom den profesjonelle fløytisten Torun Torbo og den glade blokkfløytematøren Linda Eide. Og me får høyra Torunn Torbo spela barokkfløyte, i utdrag som syner Kongens store kjærleik til musikken og si elska tverrfløyte (det vert sagt at han øvde fire timar kvar dag). Dette er fantastisk fin barokkmusikk, som er perfekt for stovene i vår gamle prestegard.
Torun Torbo har etablert seg som ein av Noregs mest aktive og etterspurte utøvarar på historiske tverrfløyter. I tillegg til karrieren som fløytist har ho jobba som journalist i NRK radio, og kom i 2011 heim med høgthengjande radioprisen Prix Italia. Hun er kjent for sin gode forteljarstil og varme radiostemma.
Linda Eide har jobba som journalist og programleiar i nrk radio og fjernsyn i over tre tiår. Eide skriv også bøker og teaterframsyningar, og framfører sjølv det ho skriv. Eide er også ein av initiativtakaren til kapellankåken – opplysningshuset på Voss. Og ikkje minst: Ein sann blokkfløyteentusiast.
Velkomen til ein intim og fascinerande og barokk (!) konsert-samtale!
Ansvarsfraskrivelse
kjøpte billettar vert ikkje refunderte.