page view image

LANGS LINJO 2024

Litteraturfestival på Voss

Informasjon
event image

LANGS LINJO 30. AUG – 1. SEPT 2024

Bøkene kjem. Forfattarane kjem. Og dei er henta frå øvste hylla! 

Det blir samtalar, sjov og konsertar. Alt samla i Kapellankåken – Opplysningshuset på Voss. Ein ny og intim kulturscene, i ein totalrenovert prestegard frå 1906. Huset og tunet er ein liten oase i Voss sentrum, berre eit steinkast frå Voss jernbanestasjon. Så både festival og hus ligg altså langs linjo.

Historias andre utgåve av Langs Linjo går som i fjor over tre dagar, frå fredag til sundag. Festivalen blir arrangert i regi av Kapellankåken, og forfattar og kulturarbeidar Marit Eikemo er kurator for programmet. 

Me sel ikkje pass, men enkeltbillettar, sidan det ikkje er plass til så alt for mange i huset. Ver obs på at Språksjov – Langs Linjo blir arrangert i Voss kulturhus. Alt anna vil foregå i Kapellankåken. 

Hjarteleg velkomen skal du vera!

sidselwold hansolavbrenner nilsrunelangeland vetlelidlarsen lindaeide språksjov randifuglehaug wenchemuhlheisen olaugnilssen annlaugbørsheim rannveigdjønne arildmidthun ragnhildholmås mortensvarteit gunnsteinakselberg annerivenes ruthlillegraven mariteikemo davidwallumrød håvardstubø eriknylander sjurhjeltnes

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.