JOLAKOK I KÅKEN
Laiv kåksjov og topp jolastemning. Linda Eide og Kåre Opheim snakkar og trommar jola inn, medan kvalitetsgjester kjem og går – og ja, det blir basar!
Informasjon
Andre jola i Kapellankåken! Og me tek Jola på alvor og byr inn til laiv kåksjov og kraftig jolastemning. Linda Eide og Kåre Opheim snakkar og trommar Jola inn, medan kvalitetsgjester kjem og går.
Musikk, song, gode historier og høg opplysningsfaktor. På toppen av det heile blir det åresal og basar, gode pausar og open bar!
Alle inntekter frå arrangementet går til husets ve og vel.