JUNI DAHR – IBSENS KVINNER

Ei storhending dette, når ein av våre mest særprega skodespelarar kjem til Kapellankåken.

page view image
Event date

Sunday 5 Oct 2025 19:00

Ends Sunday 5 Oct 2025 23:30
order

Available items

ticket item
JUNI DAHR – ibsenskvinner
event image

Event information

Dei intense soloforestillingane til Juni Dahr er nasjonalt og internasjonalt bejubla, og scenane er alt frå nedlagde trafokioskar til storslått Lofoten-panorama. Og no altså i ein prestegard frå 1906. Hit kjem ho med ein folkekjær favoritt: Ibsens kvinner. Dette er Juni Dahr gi si eiga tolking av sterke «Ibsen-kvinner». Me møter Hilde, Hedda, fru Alving, Nora, Ellida og Hjørdis. Førestillinga har vore spelt i USA, Europa, India, Pakistan, Bangladesh, Latin-Amerika, Kina, Iran. 

Juni Dahr sitt eige kompani, Visjoner Teater, er også kjent for sine førestillingar om Jeanne d’Arc, Kristin Lavransdatter, Hedda Gabler og Markens grøde. Men i kapellankåken blir det altså Ibsen, og som ho sjølv seier: Du treng ikkje kunna din Ibsen, men du får garantert lyst til å lesa Ibsen etterpå.

Organizer
Kapellankåken