page view image

MICROBANDET – KONSERT OG MICROBINGO

Den skamløse Hardanger-duoen gir seg aldri med sin halsbrekkande radbrekking/forbetring av andre sine låter. Og bingoen deira har nådd den statusen me alle drøymer om å nå: Kultstatusen!

Information
event image

Hurra! Brit Aknes (gitar og vokal) og Kjersti Døssland (Yamaha-synth og vokal) kjem til Kapellankåken.

Under mottoet ”ingen forventningar” innfrir dei gong på gong med sin blanding av tostemt song og masing i stereo. Og dei skriv dette i sin offisielle arrangementsomtale for kapellankåken:

Aldri vore på bingokonsert med Microbandet? Skandale! Godt at Kapellankåken tek affære og opnar dørane for deg og for hyggeduoen frå Hardanger! Me har i fleire år hygga mange og ikkje minst oss sjølve med bingo krydra med radbrekking/forbetring av andre sine låtar. 

Og alle stiller likt. Vassendgutane og Britney Spears får same generøse behandling av Microbandet. Døsso har finjustert stemma si til bingovertinne-perfeksjon etter å ha tilbrakt mykje av studietida i Bergen på etablerte bingobuler, og no kan DU få oppleva den same gleda i Voss si kulaste bule, sjølvaste Kapellankåken. Me stiller med bongar og pennar, du stiller med positiv innstilling!

Velkomen!

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.