page view image

LANGS LINJO 2024

Litteraturfestival på Voss

Information
event image

LANGS LINJO 30. AUG – 1. SEPT 2024

Bøkene kjem. Forfattarane kjem. Og dei er henta frå øvste hylla! 

Det blir samtalar, sjov og konsertar. Alt samla i Kapellankåken – Opplysningshuset på Voss. Ein ny og intim kulturscene, i ein totalrenovert prestegard frå 1906. Huset og tunet er ein liten oase i Voss sentrum, berre eit steinkast frå Voss jernbanestasjon. Så både festival og hus ligg altså langs linjo.

Historias andre utgåve av Langs Linjo går som i fjor over tre dagar, frå fredag til sundag. Festivalen blir arrangert i regi av Kapellankåken, og forfattar og kulturarbeidar Marit Eikemo er kurator for programmet. 

Me sel ikkje pass, men enkeltbillettar, sidan det ikkje er plass til så alt for mange i huset. Ver obs på at Språksjov – Langs Linjo blir arrangert i Voss kulturhus. Alt anna vil foregå i Kapellankåken. 

Hjarteleg velkomen skal du vera!